3 resultados para Absorbentes textiles
em Doria (National Library of Finland DSpace Services) - National Library of Finland, Finland
Resumo:
Denne avhandlinga er resultatet av eit behov for å forske på og utvikle ein didaktikk for tekstilfaget ved Folkekunststudiet, Institutt for folkekultur, Høgskolen i Telemark, Noreg. Studiet med folkekunst som fagfelt er eit relativt ungt studium på høgskolen, som vart etablert i 1984. Problemstillinga i denne avhandlinga er korleis ein kan utvikle ein forskingsbasert didaktikk der dei grunnleggjande prinsippa som særmerkjer den tradisjonelle folkekunsten, vert tekne vare på. I arbeidet med avhandlinga har eg prøvd på å klårgjere problemstillinga ut frå ulike perspektiv. Forskingsarbeidet har fokus på kommunikasjon og arbeidsmåtar i ljos av ulike teoriar. Det er ei hermeneutisk tilnærming som er vald for den didaktiske forståinga. Det fyrste drøftingstemaet har søkjeljos på kommunikasjon og dialog ved vidareføring av tekstil folkekunst. Både estetiske, teoretiske, praktiske og sosiale aspekt er nedfelte i læreplanen for studiet og skal utgjere grunnlaget for kommunikasjon og arbeidsmåtar. I den skapande og kopierande prosessen er det utvikla språklege reiskapar for både den sosiale og den estetiske sida der den teoretiske og praktiske faktoren er integrert. Møte med døme på tekstile tradisjonar så vel som praktisk forming av tekstilar har ført til refleksjon og dialog som involverer kontemplasjon, korrespondens og imaginasjon. Det andre temaet som er drøfta, er vidareføring av tradisjonelt visuelt formspråk. Her er merksemda retta mot kva som har skjedd formalt med ei gruppe tradisjonelle formelement i tekstilar i den institusjonelle vidareføringa over eit lengre tidsperspektiv. Resultatet syner at mange tradisjonelle formelement er borte frå den institusjonelle produksjonen. Formelementa kan ha fått ei meir naturalistisk utforming, eller dei er overførte til andre tradisjonelle tekstilteknikkar enn dei som var utgangspunktet. Rombeforma i den institusjonelle produksjonen er utført i færre variasjonar og kombinasjonar enn i den tradisjonelle produksjonen. Konklusjonen på drøftingstemaet er at spelereglar og spatialitet i høve til den formale komponenten i utvalet med tradisjonelle tekstilar ikkje er vidareført i alle gruppene av institusjonelle produkt. Resultatet kan få innverknad og fylgjer for utforming av ein framtidig didaktikk for faget. Arbeidsmåte og erfaring frå vidareføring av tekstile tradisjonar er det tredje temaet som er drøfta i avhandlinga. Kopiering og skapande prosessar er arbeidsmåtar som er brukte ved studiet i dag, og dei utgjer grunnlag for drøftingar i relasjon til vidareføring og erfaring. Konklusjonen er at i den skapande prosessen korrigerer tradisjonen utforminga, medan i kopiprosessen er eigen stilvilje og improvisering resultat av prosessane. Personar som deltek i prosessane, har sett seg sjølve og si historiske forankring inn i spelet, der visuelt og verbalt språk er resultat av integrasjon av tradisjonar. Dei tre drøftingstemaa utgjer grunnlaget for at didaktikk for folkekunst og tekstil kan bli intersubjektiv forståing av kva ein didaktikk for vidareføring av folkekunst med vekt på tekstil kan vere i utdanninga i dag. Indre og ytre dialog i skapande og kopierande prosessar femner om estetiske, materielle og tekniske faktorar sett i høve til spelereglar, spelerom, spatialitet og samspel i møte med tekstile tradisjonar. Samla utgjer det ein forskingsbasert didaktikk for faget der den overordna intensjonen er samtykke mellom tradisjon og spel.
Resumo:
Finnish design has attracted global attention lately and companies within the industry have potential in international markets. Because networks have been found to be extremely helpful in a firm’s international business operations and usefulness of networks is not fully exploited, their role in Finnish design companies is investigated. Accordingly, this study concentrates on understanding the role of networks in the internationalization process of Finnish design companies. This was investigated through describing the internationalization process of Finnish design companies, analyzing what kind of networks are related to internationalization process of Finnish design companies, and analyzing how networks are utilized in the internationalization process of Finnish design companies. The theoretical framework explores the Finnish design industry, internationalization process and networks. The Finnish design industry is introduced in general and the concept of design is defined to refer to the industries of textiles, furniture, clothing, and lighting equipment in the research. The theories of internationalization process, the Uppsala model and Luostarinen’s operation modes, are explored in detail. The Born Global theory, which is a contrary view to stage models, is also discussed. The concept of network is investigated, networks are classified into business and social networks, and network approach to internationalization is discussed. The research is conducted empirically and the research method is a descriptive case study. In this study, four case companies are investigated: the interior decoration unit of L-Fashion Group, Globe Hope, Klo Design, and Melaja Ltd. Data is collected by semi-structured interviews and the analysis is done in the following way: the case companies are introduced, their internationalization processes and networks are described and, finally, the comparison of the case companies is done in a form of cross-case analysis. This research showed that cooperation with social networks, such as locals or employees who have experience from the target market can be extremely helpful in the beginning of a Finnish design company’s internationalization process. This study also indicated that public organizations do not necessarily enhance the internationalization process in a design company point-of-view. In addition, the research showed that there is cooperation between small Finnish design companies whereas large design companies are not as open to cooperation with competitors.